Bilder fra skigruppa.

Les saken for å se bilder fra skigruppa i Risnes IL.

Telenorkarusellen vart arrangert tysdag 19.januar i flott og kaldt vintervær.

Skiarenaen var på Fitjane - Sleire der vel 70 store og små endeleg kunne ta ski på beina og kosa seg i preparerte skilløyper.   Alle påmeldte fekk flotte panneband med telenorkarusell logo og alle fekk varm saft og mandariner etter målgang. Nokre born var so ivrige og vart observert i løypa - runde for runde på ivrige unge føtter!

Takk til alle som deltok og som bidro på kort varsel for eit godt arrangement i eit vakkert vinterlandskap.





©2018 Spoortz AS (tidligere 123klubb) leverer totalverktøy for effektiv klubbdrift