Risnes IL

Basis

Basis

Basistreninga starta opp i 2007 og har mellom 20 -35 deltakare med kvar gong. Treninga er på Nordbygda skule i gymsalen og sesongen er frå første måndag etter haustferie til påskeferien. Tid: kl.18.00-19.30.

Her vert det ; ” Tøy og bøy, hopp og sprett, styrke og spenst, leik og konkurranse"

Alle bytter til innesko ( reine joggesko) før trening!

Alle er velkommen! Er  der nokon under 9 år- vil me gjerne at føresette er med dei på treninga.

Treninga er lagt opp for sirkeltrening med vel 17 stasjonar der me har musikk til øvingane og er 30 sek.på kvar stasjon- så 30 sek pause ( forflyttning)

”Me trenar godt i 2 runder med ein kort pause i mellom der me får en triveleg prat med dei andre og påfyll av drikke. Etterpå vert dei som vil og kan, med på stafett.

Tilslutt vert det ballspel – enten stikkball, kanonball, fotball, basketball… dei som heller vil ta trappeløp eller ein joggetur til slutt – gjer det.

Reglar for bruk av gymsal og liknande er dei samme som i skuletida!

 

 

Vel møtt!

Ansvarleg for treninga: Tove Kristin & Vidar Sleire Tistel

RISNES IDRETTSLAG
5986 HOSTELAND

©2018 Spoortz AS (tidligere 123klubb) leverer totalverktøy for effektiv klubbdrift