Sleirsfjellet Opp 2021

Motbakkeløpet Sleirsfjellet opp vert arrangert laurdag 5 .juni 2021 med både konkurranse- og mosjonsklasse. Kun forhåndspåmelding! Det vert også år premie til den skuleklassen med høgast deltaking.

Påmelding her!

Me er framleis i ein pandemi med smittevernhensyn når me blar til 5. juni! Det vert likevel Sleirsfjellet Opp med både konkurranseklasse og mosjonsløp! Nytt Iår pga omstende - vert ei anna løype ned frå fjellet- like etter målgang held ein fram vidare i merka løype «langs eggi» og kjem ned på skogsveg like over skulemuseumet. Dette er og ein fin løype, men som Iår vert heilt nødvendig for å halde avstand i henhold til smittevern!

Løypa opp er som tidlegare : med start ved grendahuset - all påmelding skjer via eqtiming.no etter 1.mai. Kun 200 plassar og 30 av desse er reservert konkurranseklassen til veka før løpet!

Det vert altso ikkje påmelding ved grendahuset, men funksjonærer som vil krysse av løpere uansett klasse. Me kjem tilbake med info om startnr.

Me hjelper til med påmelding om det trengs (ta kontakt med Tove Kristin, Elisabeth Sleire, Arne Andreas Riisnes eller Andrine Sleire Tistel) ellers om de sjølv hjelper andre som treng det- slik at alle som vil får meldt seg på.

Ved påmelding må tlf nr leggast til, då trekning av alle gevinstar vert gjort medan løpet pågår og vinnarene får sms om gevinst. Antall premiar trekt ut på alle startnummer er stor - her er vinnersjanser uansett kva klasse du melder deg på i! Hovedgevinsten er som før kr 5000.-

Me nyttar ellers livestream frå målområdet slik at ein kan følge målgang på nett i tillegg til eqtiming.no

Det vert i år ikkje mulig å følge konkurranseløpere ved målgang.

Me håpar og trur dette vert eit godt arrangement tross situasjonen me er i! Å ha treningsmål er kjekt og det er ikkje minst kjekt å gle seg til at noko skjer!

Sponsorene er godt med oss i år 'og - Ei stor TAKK til dei alle!! Dei vert å finne på t skjorta, som alle påmeldte får etter betalt deltagaravgift - info om t - skjortelevering får ein seinare.

Velkommen til Sleirsfjellet Opp laurdag 5. juni

Følg oss på Facebook

©2018 Spoortz AS (tidligere 123klubb) leverer totalverktøy for effektiv klubbdrift