Trimpoeng - barn

Korleis kan barn utan telefon bruka fjelltrim-appen?


Slik appen er byggd opp no må alle brukarar ha eit telefonnummer som er i bruk som brukarnamn.

Ikkje alle barn har telefon og dermed blir det vanskelig med brukarnamn.

Men. Alle har ein besteforelder, tante eller onkel som ikkje brukar trimpoeng."Lån" då eit slikt telefonnummer (med avtale hjå den som eig nummeret) og bruk det til brukarnamn. Ansvarlig forelder brukar sin epost og får der opplysning om pålogging med nummer og passord.

På posten registrerer den som er med seg sjølv, loggar deretter ut og loggar inn på barnet.

På plassar der det ikkje er telefondekning er erfaringa den at det er vanskeleg å få registrera fleire brukarar på same telefon.

Om det skulle skje, er der berre å senda ei melding til admin på telefon eller epost med opplysning om post og tidspunkt. Så vil det bli registrert manuellt. (Men ta det etterkvart. Ikkje samle opp).

Etter det vi forstår jobbar ibooking.no med ny pålogging, så kanskje der blir endring til neste år.

Skulle ikkje noko av dette passa. Ta barnet med på tur noter turane på eit ark eller ei lita bok som barnet kan notera i sjølv om det vil og kan. Betal gjerne påmelding direkte til idrettslaget.

Meld frå til fjelltrimgruppa ved sesongslutt, (31.10.2020) så blir det nok premiering.

©2018 Spoortz AS (tidligere 123klubb) leverer totalverktøy for effektiv klubbdrift